FLOGVIT.lab skal kunne brukast av flest mogleg, uavhengig av hjelpemiddel. Målet er å oppfylle WCAG 2.1 på nivå AA. Dette er ei eigenerklæring — FLOGVIT.lab er ei privat, ikkje-kommersiell teneste og er ikkje underlagd lovpålagd rapportering, men eg ønskjer å vere open om tilstanden.
Samsvarsstatus
Delvis samsvar med WCAG 2.1 nivå AA: Dei fleste suksesskriteria er oppfylte. Punkt som står att, blir førte opp under «Kjende avgrensingar».
Kva vi har testa
- Tastaturnavigasjon — alle verktøy og skjema kan betenast utan mus.
- Skjermlesar-semantikk — overskrifter, etikettar, rutenett-roller og statusmeldingar (aria-live).
- 200 % zoom og omflyt («reflow») ved 320 px breidd utan vassrett scroll.
- Fargekontrast i både lyst og mørkt tema.
- Manuell testing kombinert med automatiske verktøy.
Sist testa: 16. juni 2026.
Kjende avgrensingar
- Ingen kjende avgrensingar er registrerte for verktøya her enno.
Punkt som står att blir sporte ope på GitHub.
Tilbakemelding
Finn du ein tilgjengebarriere, eller treng innhald i eit anna format, send ein e-post til support@flogvit.com.
Sist oppdatert: 16. juni 2026.