Sannsyn

Små kalkulatorar for sjanse og statistikk.

Bursdagsparadokset

Kor mange må vere i rommet før to deler bursdag?

23 personar

Terningar

Minst éin seksar?

4 kast

Programmatisk verifiserte påstandar

Sannsyn er vanskeleg å forstå, og det er lett å tenkje feil. Eg likar å verifisere påstandar programmatisk: programma beviser ingenting, men tal er ofte lettare å forstå enn likningar. Kjeldekoden ligg på GitHub — send meg ein e-post om du vil ha fleire testar. github.com/flogvit/probability

Lotto: To tal ved sida av kvarandre

Spørsmål: Kor ofte blir det trekt ei rekkje som har to tal ved sida av kvarandre i seg? T.d. ei rekkje som inneheld tala 13 og 14.

Sjekk: 10 millionar trekningar per køyring. For 34 tal der ein trekkjer 7 (standard norsk lotto) vart resultatet 77–78 % i fem køyringar. For 48 tal der ein trekkjer 6 (Viking Lotto) vart resultatet 50 % i alle fem køyringane.

VariantSannsyn
7 av 34 (norsk lotto)ca. 77,5 %
6 av 48 (Viking Lotto)ca. 50 %

Svar: For rekkjer der vi trekkjer 7 tal av 34 er sannsynet ca. 77,5 %. For 6 av 48 er det ca. 50 %.

Kjeldekode

Lotto: Same rekkje vs. ulik rekkje

Spørsmål: Er det lurt å velje same rekkje kvar veke i lotto, eller bør ein velje ulike rekkjer? Kva er best?

Sjekk: Simuleringa lèt éin spelar halde fast på ei rekkje og éin velje ny rekkje kvar trekning, og tel kven som vinn først. 10 000 «liv» per køyring.

KøyringSame rekkjeUlik rekkje
150364964
249785022

Svar: Det er ingen skilnad. Du vinn like ofte (eller sjeldan) uansett om du held på same rekkja eller byter kvar gong.

Kjeldekode

Lotto: Rekkje med to nabotal vs. vilkårleg rekkje

Spørsmål: Vinnarrekkjer inneheld svært ofte to nabotal — bør rekkja di difor alltid ha to tal ved sida av kvarandre?

Sjekk: Som førre test, men den faste rekkja blir justert til alltid å ha minst to nabotal. 1000 rundar per køyring.

KøyringMed nabotalVilkårleg
1475525
2495505
3497503
4526474

Svar: Ingen skilnad. At vinnarrekkjer ofte har nabotal, betyr ikkje at rekkjer med nabotal vinn oftare.

Kjeldekode